vix.ing · top · new · best · stats · spec

Kunstmøte i skulen

2024/11/25 by Merete Jonvik · 1 voice
Arts and Humanities · Social Sciences · #Art Education and Development #Diverse Music Education Insights #Participatory Visual Research Methods

paper · doi:10.18261/nkt.27.2.4

openalex created_date 2024/11/25 · openalex publication_date 2024/11/25 · openalex updated_date 2026/06/19

Abstract

Føremålet med artikkelen er å kasta lys over kunstmøte som skjer gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) med spesielt blikk mot barn sine opplevingar. Artikkelen spring ut av eit forskingsprosjekt gjort på oppdrag frå Kulturtanken, der datagrunnlaget er observasjonar av to skuleklassar på 4. trinn under to verkstadar/kunstmøte innan visuell kunst og film arrangert gjennom DKS, samt gruppeintervju med barn, lærarar og involverte kunstnarar om verkstadane/kunstmøta. Ved sida av å gi innblikk i barn sine måtar å artikulera om kunstmøte gjennom DKS på, analyserer artikkelen korleis estetiske, sosiale og materielle kvalitetar er med og skapar kunstmøte. Artikkelen analyserer kunstmøte gjennom bruk av både kunstsosiologiske, interaksjonistiske og materielle perspektiv. Kunstmøte vert i artikkelen forstått som møte eller situasjonar, som skjer i spesifikke rom, har materielle objekt og rammer, samt sosiale deltakarar og interaksjon. Artikkelen spør: Korleis set barn ord på kva dei opplever i kunstmøte formidla gjennom DKS? Kva rollar speler sosial interaksjon og materielle forhold for opplevinga av kunstmøte?

Citations

Discussions

Related